Forbundet KYSTENs håndverkerpris 2015 gikk til Gokstadveverne og deres båtryeprosjekt. Lagsleder Bjørg Skaret var svært glad og stolt over den gjeve prisen.
Juryens begrunnelsen for tildelingen lød slik:
Årets håndverker: Gokstadveverne, Gokstad Kystlag
«Lite har vore nemnd i vår kystkulturhistore om alle dei som har vore heilt avgjerande for overlevelsen langs kysten. Vi tenker då på dei som gjorde sitt til at det faktisk var mogeleg å overleva på havet. Vi tenker på kvinnene – som heldt livet oppe på bruka heime. Dei som rodde heimefiske, dei som tok vare på familien, på dyra, sauene og ikkje minst ulla – som var gull verdt.
Ulla var avgjerande for dei som drog på fiske. Ulla vart strikka og tova – og ikkje minst vevd – til gode klesplagg, til tepper og ryer.
Det er eit kystlag som har teke dette på alvor – dette viktige arbeidet med å løfta fram kvinners rolle og betyding på kysten. Laget etablerte tidleg ei eige kvinnegruppe. Kvinnegruppa har sitt eige loft, seilloftet som dei deler med miniatyrbåtgruppa i kystlaget. Loftet er også kjent som vevloftet. Det nemleg veving som står i høgsetet her – og gruppa som kallar seg Gokstadvevarane har spesialisert seg på veving av ulike flotte tekstilar.
I 2011 var gruppa med og klipte ulla av nokre gamalnorske spelsauer, og eit BÅTRYEPROSJEKT var i gang. Båtrya var tidlegare eit heilt naudsynt utstyr i båtane som for eksempel skulle på Lofotfiske.
Båtryeprosjektet til Gokstadvevarane var avslutta i 2014, og det er sikkert mange av deltakarane her på Forbundet KYSTENS Landsstemne i Sandefjord som har lagt merke til den flotte båtrya som har hengt til utstilling på standen til Gokstadvevarane i Gokstad kystlag.
Vi i juryen ynskjer å overrekka prisen som Årets Håndverkar 2015 til Gokstadvevarane for prosjektet med «båtrya».

Fra venstre: Oddbjørn Nicolaisen, jurymedlem Salta kystlag, Tove Aurdal Hjellnes, Jurymedlem landsstyret Forbundet KYSTEN, Ingunn Vardøy, jurymedlem Fjell Kystlag, Svein Olav Løberg, Gokstad kystlag, Mick Travis, prisvinner fra Kragerø kystlag, Bjørn Andersen, representant for prisvinner Z96, Bjørg Skaret, leder av prisvinner Gokstadveverne, Thomas Haugen og Hans-Alexander Nesse, prisvinner Styrbjørn, Tore Pettersen, skipssjef M314 Alta, Idar Henriksen, prisvinner Faxsen, Eilert Munch Leine, filmskaper og prisvinner åpen klasse.